onsdag 10. november 2010

Spanskkurs

Kvar vekedag har eg og JR 2 timar undervisning i spansk, frå 4 til 6. Vi er omlag 15 i klassa. Utenom oss er ei frå USA og resten frå Haiti. Pedagogikken er svært uvanlig, men eg får iallfall mange "no-no-tips". Læraren vår eg hyggelig. Ho flirar mykje.

Tenkte eg skulle fortelle litt frå ein dag på spansken. Dagen var i går, og den var ikkje heilt vanlig, men dog. Eg har vore vekke frå kurset i 1,5 veke grunna besøk av Siljene, og har ikkje fått jobba mykje med spansken. Eg manna meg opp, og visste eg måtte ta ein mini-eksamen denne dagen. JR var småsjuk, og var heime. Det kunne han berre angre/heise flagget for.

Då eg kom til klasseromet, med ein dårlig kaffi og ei vannfalske i handa, sette eg meg som vanlig fremst. Grunnen til at eg alltid sit fremst er at læraren uansett snakkar kontinuerlig til meg (og/eller JR), og eg treng å sjå henne og leppene tydelig for å forstå noke i det heile. Kaffien var så dårlig at han måtte hellast ut.

Det fyrste som skjedde var at eg tok mini-eksamen medan resten jobba med oppgåver i bok eller tavle, eg var for opptatt med testen til å få med meg kva dei gjorde. Prøva gjekk uansett overraskande fint. Eg hoppa inn i oppgåvene, og vi arbeidde i nokre minutt. Det neste var at vi skulle lese høgt. Utfordringa vår var klokkeslett. Og høgtlesing i vår klasse foregår på den måten at alle ropar høgt, og det er om å gjere å blir fyrst ferdig. Dette er seriøst fantastisk! Eg klarer omlag aldri å lese for eg blir så satt ut.

Så byrjar læraren å snakke, som vanlig. Ho skravlar om alt mellom himmel og jord. I går var det om å finne tid til å ha det godt. Og brukte meg som eksempel, sidan eg nettopp har reist en del. Det var mange ord eg ikkje forstod, men eg veit at å spøre berre gjer ting verre. Likevel klare ho å snappe opp ord eg ikkje forstår.  Læraren gjentek då ordet til eg til slutt nikkar. I går prøvde også 2 medelevar å forklare orda, samtidig med læraren. Vi snakka så ein del om Noreg, og om snø. Eg prøver alltid å forklare eit eller anna som eg slettes ikkje har ord til. I går var det midnattssol. Men eg trur det gjekk. Eg forklarte om vinter og sommar i nord, og i sør. Og avstandar i Noreg.

Timen snegla seg fram, og til slutt var timen over. Eg bruker å bli veldig glad på dette tidspunktet, for no skal eg ut i frisk luft og sleppe å konsentrer meg slik. Læraren vår hadde med seg nokre store posar. Det viste seg at det var undertøy i desse, og alle stima seg rundt katetere for kjøp. Eg har tidligare kjøpt ein kjole av henne. Den var visst for stor til henne. Kjolen er faktisk veldig fin. Det var ikkje undertøyet. Ho ville ha meg til å kjøpe tskjorter og boxer til JR. Eg var skeptisk. Då ho var ferdig med salet kom ho bort til meg, for å gi meg ein kik. Mykje tjukk kvit bomull. Eg stod over denne gongen.

Nokre haitiarar kjem bort til meg. Vi har aldri snakka så mykje samen, mest grunna mitt labre vokabular. No skal vi visst snakke om familia mi. Om eg har systre eller brødre. Ja, to systre. Ja, samme år, tvillingar ja. Stor sorg då eg sa eg ikkje har brødre. Det viser seg at heile gjengen vil ha seg kjærestar frå Noreg. Eg nemner at Trond, ein kompis av JR kjem rundt nyttår, og på nytt stig humøret. Til og med læraren er interessert. Han må kome på klassebesøk når han kjem, seier dei. Jada, seier eg. Så eg er omringa av 3 medstudentar og læraren på veg ut av klasseromet, bort korridoren, ned til bakkeplan, og til porten. Alle tre snakkar til meg, samtidig, på haiti-spansk eller lærar-spansk. Nokre klarer å hive inn nokre englske ord, til mi litt større forståing. Stemninga er iallfall sabla god.

Så seier læraren at ho også skal ta metro i dag, vi kan slå følge! På dette tidspunktet er eg svært sleta, og omlag klar for å gi opp alt. Vi sneglar oss av gårde. Eg brukar omlag 5 min å gå frå/til metroen til vanlig, i godt norsk tempo. Det mest tidkrevande er å krysse ei sterkt traffikert gate. Ho vil krysse gata med ein gong, men det er for mange bilar så vi kjem berre halvvegs. Ein hyggelig mann som har stirra lenge på meg går til slutt ut og stoppar trafikken, så vi kan gå over. Dette synes læraren min var moro, og vi snakkar om korleis JR reagerer når eg får slik oppmerksomheit. Eg seier at eg sjelden får oppmerksomheit når han er med, men at han uansett oppfører seg veldig fint. Dette likar ho. Læraren min bevegar seg omlag ikkje. Berre trykket frå passerande bilar får ho til å gå framover. Eg stressar med å gå rolig. Snublar i vegkantar og kræsjar i ei lita kvitkledd nonne, samtidig som eg prøver å forstå kvar læraren seier, og kome med svar som har noko med saka å gjere. Då vi endelig kom fram til metroen, viser det seg at vi heldigvis skal i kvar vår retning! Takk og lov! Kyss på kinn og ha det bra, og eg hiv med ned rulletrappa. Metrovogna kom etter 3 minutt, 3 stopp, 5 min kjapp gange, og eg var heime og pulsen kunne endelig roe seg.

No skal eg gjere spanskleske, og vere klar for dagens kurs. Kanskje finne nokre fine bilder av Trond...

mandag 8. november 2010

Silje og eg på restorten Barcelo Punta Cana



Orkanen/stormen Tomas var på god vei, og vi sjekka alle vermeldingar for å sjå kvar vi hadde størst sjanse for finever. Det viste seg å vere på aust-sida av øya. Onsdag 3.november heiv vi oss i ein Expresso Bavaro-buss, og etter 4 timar var vi på plass i Punta Cana/Bavaro! Her sit Silje på balkongen vår, og vi ser bassengområdet. Vi hadde også utsikt til sjøen. Vi skulle vere her til laurdag 6.november. 

Buffeten var overraskande god. Men å få tak i god sjokoladedessert viste seg vanskelig. Den einaste som var ein smule god var den nærmast Silje; massiv sjokolade med nøttegreier inni. Herlig! Resten blei liggande igjen på fatet...

Dei kunne sine utskjeringar....

Oooooo, her var missekåring! Ein skokk med tynne ungdomar i minimale antrekk, og på skyhøge hælar trippa rundt oss. Det skulle vere kåring på laurdagen, den dagen vi reiste. 
Her har vi ein gjeng med overraskande lange skjørt og nesten rektige sko. Banda hadde dei alltid på seg...
Fyrstekvelden var vi på oppdagelsesferd. Casinoet lokka. Eg fann to pengar som vi spelte vekk.  Deretter rusla vi vidare, for det var eit svært lite spennande casino. Legg merke til at eg hadde på meg jakke. Etter den iskalde bussturen frå Jarabacoa blei eg forkjøla, og tok ingen sjansar. 

Fever, Saturday Night. Ein Travolta som ikkje kunne engelsk, og ukordinerte dansarar. Men det underholdt. Eg og Silje sat benka rett framfor scena. Dag 2 måtte vi gi opp showet, det blei for pinlig.
Dag 3 var vi tilbake, klar for showkveld. Heal the world....jadda. Michael Jackson var på plass med dansemoooves. Og han fekk med seg ein skokk med ungar opp på scena. Englekor i bakgrunnen.

Arena Gorda Beach er nydelig! Og sidan det er lavsesong var det god boltreplass både på stranda og i sjøen. Lardagen fyltes det opp, og vi fekk ein liten forsmak på høgsesongen. Ikkje så kjekt.
Oh yes, jentene spelte tennis. Eller, eg veit ikkje om det kan kallast å spele, sidan ingen av oss er spesielt sterke i gamet. Men moro var det iallfall! Etterpå slappa vi av med sjokoladedesserten på verandaen, før middag.

Vi booka bord på japansk restaurant, sidan begge restaurantane vi ville på var stengde (mexikansk og italiensk). Eg  har svært dårlige minner om japanske resort-restaurantar, og var himla skeptisk. Skepsis til skamme, maten her var nydelig! Gode råvarer med mykje smak. Steikt ris med grønsaker og kylling, biff, reker og laks. Det var så godt at vi måtte legge oss litt nedpå etterpå.

Jenta til høgre for Silje stirra på henne heile middagen. Men open munn.
Den andre middagen vår blei på den Dominikanske restauranten. Denne 4-retters middagen er muligens den beste eg har ete her i landet. Sjukt godt. 

Hovedretten var scampi og hummar, med rotstappe og kvitløkssaus. Og ein persillekvast. Delicioso! I tillegg var servicen upåklagelig. 

Sistedagen byrja på stranda. Så skya det over, og byrja å regne. Vi hoppa i havet, der det var store kjekke bølger. Eg låg for det meste og flaut utanfor bølgebrytinga, og hadde det behagelig. Regnet hølja ned, og det var utrulig flott å sjå utover på det grøne og blå havet. Plutselig kom ei enorm bølge! Eg flaut fint over. Silje derimot, som var rett innanfor brytinga, forsvann heilt. Det gjor også solbrillene hinna. Kan nemne at eg også fekk mine grusingar, både denne dagen og tidlegare. Regnet fortsette å hølje ned i mange timar. Og det lyna og tordna. Lynet var så nær at straumen gjekk og det lukta svidd. 

Før avreise fekk vi låne eit rom å dusje i. Det viste seg at det var oversvømmelse i heile underetasja.

Eg er stort sett svært skeptisk til resort, men eg storkosa meg med Silje! Her er no veldig tomt, sidan begge Siljene har reist avstad. Silje H er i Panama, og Silje V er i Oslo. Det har uansett vore utrulig kjekt med besøk! Tusen takk til begge to, for at dokke ville kome innom her!!!

onsdag 3. november 2010

Jarabacoa og kaffe-fabrikk

Dei herlige Siljene kom innom Santo Domingo igjen fredag 29.oktober, i høve tur til 27 charcos (27 flotte fossar lenger nord i landet). Diverre var her ein tropisk storm på veg. Den førte til store nedbørsmengder i nord, så heile turen blei utsatt. Etter litt graving i reisebøker og på nett, samt samtalar med kjente, enda vi med å ta bussen nordover til Jarabacoa. Det er eit flott høgareliggande område, kjent for sitt kaldare klima. Vi tok inn på Pinar Dorado, ca 8 min rolig gange utanfor sentrum. 

Vi fekk anbefalt "El Carrito de Moshe", som viste seg å vere ein restaurant i ei garasje. Plastikkstolar, men nydelig mat, reint og fint, samt serveringspersonell med flotte hattar. 

Vi blei kjent med Pedro, ein dominikanar busett i Santo Domingo. Han hadde nettopp kjøpt landområder i Jarabacoa for å ha hestane sine der, og for å bygge seg eit sommarhus, på sikt. Vi blei med på omvisning, og fekk grundig guiding i området!


Eit av dei herlige sommarhusa vi køyrde forbi. Lufta her var så utrulig frisk, og temperaturen som ein varm sommardag i Noreg. Trur eg hadde dei lavaste skuldrane eg har hatt på lenge, og dei djupaste innpusta...

Vi stakk innom ein av dei fire fossane, Salto de Jimenoa. 

Det var hengebruer heile vegen fram til fossen.

Gjengen samla for turistbilete. Etter denne turen leigde vi hestar, og reid til ein ny foss. Hestane var litt shabby, diverre, men veldig lydige! Det var herlig å vere på hesteryggen igjen, og vi fekk iallfall galloppert litt. 

Hotellet vårt, Pinar Dorado. Viste seg tilslutt at vi hadde ein del kommunikasjonsproblem, og at det ikkje var så billig som vi fyrst fekk opplyst. Ok plass, iallfall før vi skulle betale. Tips til neste runde: få prisen skriftlig!

Sjukt godtesjuke, og ingen sjokolade å oppdrive i byen. Silje H enda med å kjøpe nokre kjeks med marshmallows og kokos. Dei smakte grusomt. 

I helga var her nokre få gjestar, mandag var vi heilt aleine, trur eg. Likevel klarte kelneren å rote til frukostbestillinga vår kvar dag. Siste dagen fekk eg noke eg slettes ikkje hadde bestilt, og det var ikkje eingong på menyen. 

I Jarabacoa er det gunstige høve for kaffeproduksjon. Vi reiste til Monte Alto, ein av fabrikkane, for omvisning. Åt ein liten lunch i cafeen før vi gjekk inn. Og eg drakk ein langt ifrå liten frappuchino. Sjukt godt.

Vi plukka opp ein liten sjarmør som hadde tilhaldstad i cafeen. At Silje var allergisk stoppa ikkje henne! 

Til høgre er det nettopp planta nye kaffetre. Om 2 år vil dei vere klare til å gi kaffibønner.
Ei skvisa kaffifrukt, med ei av dei to bønnene slik dei er når ein plukkar dei. Den andre har eg i munnen.  

Kaffibønnene er plukka inn, og klare for å bli vaska. Her skjer den fyrste sorteringa. Det er berre dei raude som skal brukast av Monte Alto, for dei er dei beste. Dei andre blir selt til andre firma som lagar billigare kaffi. Under vaksinga vil dei raude modne bønnene synke ned, sidan dei er tyngst. Dei andre er då lette å plukke vekk. Deretter blir skalet teke av.

Det neste kaffibønnene skal gjennom er tørking, slik at fuktigheita i bønnene kjem ned til 10-12 %.  Dersom det er høg luftfuktigheit eller svært mange bønner som skal tørkast, har Monte Alto ei tørkemaskin inne. Etter tørkinga skal det neste skalet fjernast. 

Bønnene blir skilt etter tyngd i ei maskin som hellar og får bønnene til å hoppe. 

Dei lette bønnene hoppar mest, og vil ramle ned til høgre. Dei tyngre blir igjen til venstre. Dei tunge blir tatt vare på av Monte Alto, dei andre selt til andre. 

Det er viktig at bønnene har den rette fargen, til venstre her. Dei andre blir sortert ut. 

Siste sorteringsprosessen blir gjort for hand. 24 damer sit på desse benkane og plukkar ut bønner som ikkje er perfekte. Etterpå blir bønnene brent, og nokre malt. Heile prosessen frå tørking til ferdig kaffi tek rundt 1,5 veke.

Monte Alto produserer både organisk og ikkje-organisk kaffe. Her i landet og i Russland blir dei selt under namnet Monte Alto. Ellers i verda blir dei selt under "Caribbean Coffe", der desse bønnene blir blanda med bønner frå Costa Rica.  

Ein annan ny kompis, ved middagen sistedagen i Jarabacoa. Vi hadde eigentleg avskjedsmiddag til Silje H, sidan ho skulle reise til Santo Domingo dagen etter, og eg og Silje V skulle nordover. Desse planane gjekk i vasken sidan den tropiske stormen Tomas kom med uver. Vi reiste heller sør med Silje igjen. 

Avgangstider frå Jarabacoa til Santo Domingo, greit å vite. Turen tok 2,5 timar.
Grusomt kald tur. Neste tur blir med teppe og hue og alt slikt! Temmelig ironisk at den einaste staden ein treng vinterklede her er på bussen. Vi spurte sjåføren om han kunne vere så snill å skru opp varmen, for absolutt alle fraus. Etter omlag 30 min blei det relativt behagelig temperatur, men så kom air conditionen på igjen, og det blei kaldare enn før. Grusomt!!! Ingefær-te med sitron og honning då vi kom heim, for å prøve å halde den snikande forkjølelsen unna!

Kolerautbruddet i Haiti skaper fryt også i DomRep. Her er no plakatar over alt!
Den endelige avskjedsmiddagen for Silje H i DomRep, på Adrian Tropical på Malecon. Typisk dominikansk mat, i godt lag! Det har vore utrulig kjekt å ha besøk! Heldigvis blir Silje V nokre dagar til, ellers hadde det blitt fryktelig tomt. Vi reiser til Punta Cana i dag. Størst sjanse for finever der, og det er nærmast flyplassen! Håper Tomas held seg langt unna!

Frå venstre: Pedro, Kierstin, Silje H, Silje V, eg og JR.


onsdag 27. oktober 2010

Oktober snart over, seier du???

I dag, 27.oktober, er det utrulig nok akkurat to månadar sidan eg kom til den Dominikanske Republikk. Då passar det ganske fint at eg faktisk forstod litt av det som blei sagt på spanskkurset i ettermiddag. Vi snakka mellom anna om Baccalao de Noruega. Eg er framleis den entusiastiske eleven som ikkje skjønar pøkk, men sit fremst og har ivrig augekontakt med læraren. Har iallfall lært mange nye ord denne veka, og er nesten klar for testen vi skal ha neste veke. Sjøl om eg ikkje forstod kva læraren sa då ho fortalde at vi skulle ha testen...eit heller dårlig teikn. 

I dag for vi til symjebassenget etter spanskkurset. Det eine bassenget var stengt (til høgre, utanfor bildet), og vi fekk beskjed om at der var iallfall fem grupper som skulle symje. Vi forstår framleis ikkje heilt korleis det foregår, men fekk hoppe uti med ei gruppe frå ein bank. (ja, ein bank) Dei øvde mykje på stuping. På bildet ser ikkje bassenget fullt ut, men der var folk over alt. Dei fleste er til venstre i bildet. Etter badinga i det mindre reine vatnet gledde eg meg til ein rask dusj. Men ingen vatn...og det bar toaletta preg av. Fytti katta. God mulig at vi ikkje skal tilbake dit. 

Eg les mange aviser på nett, både norske og internationale. Det eg virkeleg ikkje forstår er kvifor Dagbladet.no er så himla glad i Tone. Toppsaka her ein dag var at ho likte best å bli fotografert frå venstre. Det likar eg også.

Var innom ein interiør-butikk i dag. Der hadde jula teke over. Ferdigpynta falske juletre er tydeligvis in. At dei i tillegg spelte julemusikk synst eg var drøyt. Den eine songen var om "snowmen". Eg hadde på meg linbukse, tynn bluse og sandalar, og alt føltes heilt feil. Det blei ikkje meir rett då eg kom ut igjen til 30 grader. 

Uansett gler vi oss kjempemykje til Sofie og Frode kjem til jul! Og rykter vil ha det til at Trond også kjem, så det kan bli litt av eit kalas. Blir spesielt å feire nyttårsafta på stranda, men vi skal nok klare det...alle er iallfall hjertelig velkomne!!!

Siljene oppe i nord har gitt livsteikn frå seg, og har visst opplevt litt av kvart. Eg gler meg stort til skikkelig oppdatering! Gler meg også mykje til å reise med dei til helga og litt utover veka!

søndag 24. oktober 2010

Date night og rolig-helg

Det blei plutselig ei rolig-helg, då turen til dei 27 fossane i nord blei utsatt til neste helg. Eg og JR bestemte oss for å ha date night på laurdag. Vi såg The Expendables på kinoen på Malecòn, ei gate som går langs havkanten i Santo Domingo. 100 pesos for en billett (18 kr) er heilt greit. Det som ikkje var greit, var temperaturen. Eg hadde med jakke (i bruk for fyrste gong her i landet) og var relativt godt påkledd, likevel var eg iskald! Eg forstår virkelig ikkje bruken av air condition i dette landet! Filmen var omlag som venta, i ekte Stallone-stil. Moro å sjå alle desse karane ilag. Statham var som vanlig fantastisk.
(bilde frå http://www.imdb.com/title/tt1320253/)

Deretter vandra vi bortover Malecòn. Vi tenkte å finne noke mat, og enda opp på Adrian Tropic, som er kjent for svært god lokal mat. Dei hadde uteservering, og vi venta ei stund for å få bord med sjøutsikt. Bordet vi fekk hadde aldeles optimal plassering, heilt nede mot sjøen, ytterst ute. Så bra var plasseringa at eit par ungar slettes ikkje ville flytte seg frå utkikspunktet då vi kom. 

Sidan det var stortromme-kveld, kjøpte vi begge filet mignon med potetstappe, grønsaker og mofongo (lokal greie av mosa plantain og div anna).  Nydelig!!!

Blogginnlegget om galleriet for moderne kunst slo såpass an at Manuel, Kierstin og JR også ville dit. Vi stakk søndag morgen, siste dagen det var ope. Sidan lokale Manuel var med, fekk vi no gode oversettingar på det guidane sa. 

Ein elg som druknar. 

Hyttetur



Eit av mine favorittverk var den gravide bur-dama med undulatar inni (jfr forge blogginnlegg). Det virka som om dei krangla, og han til venstre gadd til slutt ikkje meir, og gøyme hovudet i fjøra. Ikkje so greit å avslutte ein diskusjon når ein ikkje kan stikke av...

I dag blei vi slettes ikkje forfulgt av vakter/guidar. Mange var opptatt av å ligge lettare henslengt på puter i krokar, og spelte musikk frå mobilen. Merkelig konsept.
Moderne kunst? 


Vel heime laga vi utebord i hagen. Kierstin laga herlig guacamole, eg fiksa pasta. Og så drakk vi rom og cola. JR fiksa bord. Det var frisk luft og sval bris. Vi har bestemt oss for å kjøpe inn nokre fleire plaststolar og eit bord, samt ei hengekøye. No skal vi fikse utearealet!

JR hoppa og klatra og fiksa appelsin frå treet i hagen. Den var svært beisk. 

Sidan det var søndag og rolig-dag helte JR ut restane av tostitosen (nachos), slik at mauren kunne få den,og vi kunne observere. Det blei overraskande interessant. Det tok ikkje lang tid før det krydde av maur på rekke og rad. 

Ein luring-maur greidde å etterlate seg luktestoff oppå eit blad, noke som resulterte i at nesten alle maurane gjekk innom bladet og surra rundt der ei stund, på veg mot tua si.