Fredag 18.februar kom mamma og pappa til Santo Domingo. Dagen etter tok vi fyrste buss nordover til Las Terrenas på Samana, saman med ein heil gjeng. Vi skulle på langhelg med kvalsafari! Vi hadde booka 3 leiligheter med Las Palmas, som JR hadde snubla over på nettet.
|
Leilighetene var kjemekosliege, med kjøkken og stove, samt eit dobbeltrum og bad nede, bad og to enkeltsengar oppe. Heile herligheita kosta omlag 90 dollar pr natt. |
Verandaen var så koselig, med to gyngestolar, samt eit bord med fire stolar. |
Då vi skulle ut og ete fyrstekvelden kom det ei god regnbyge. Vi venta til det verste var over, og så tusla vi innover mot sentrum. |
Vi gjekk til ein restaurant der Trond hadde sett at dei hadde krokodillekjøt. Karane bestilte det, i peanøttsaus. Merkelig kjøt, ein mellomting mellom fisk og kjøt, med heilt spesiell konsistens. Pappa sa han såg for seg ei krokodille for kvar bit. Det gjorde eg og då eg smakte. |
Søndagen var det taxi til Samana City, der vi skulle på kvalsafari. Hatteselgaren spotta pappa med ein gong, og var rett bort for å selge hatt. Mamma fekk forhindra kjøp, sjølv om prisen stadig sank. |
Her var fullt i laushundar, som tigga mat og oppmerksomheit. Han her var ein trufast følgesvenn. |
Det kom forbi ein solbrilleselgar også, og han fekk storfangst! Alle tre invisterte i solbriller til rundt 200 pesos (35 kr). Dei er importerte direkte frå USA fekk vi vite, og pappa sine var til og med vaskeekte Oakley!
|
Pappa gjekk litt aleine, og hatteselgaren sirkla han inn igjen. Denne gongen blei kjøpet gjennomført, for berre 100 pesos. Her er mamma på veg, og pappa ventar friskt på tilbakemeldinga. |
JR kjøpte seg også hatt! Og eg fekk låne pappa sin, for å ta eit skikkelig turistbilete! |
Etter litt forsenkingar var vi på plass i kvalsafaribåten! Vi hadde booka billett med Kim sin båt. Ho er marinbiolog frå Canada, og har forska på kvalar her i landet i omlag 30 år! Ein minikval blei sendt rundt, og eg var så klar for å sjå kval! |
Gleda var stor då vi fann ut av vi fekk servert cola frå glasflasker! Og det til og med inkludert i prisen. Dette gleda spesielt sunnmøringane. Det blei også servert sprite, vatn, kjeks og eit lite jordbærdrops. |
Kina og Canada var også fornøgde med glasflasker! |
Her er Kim, i gulejakka, i aksjon. Vi fekk grundig innføring i knølkvalen sitt liv. Dei kjem ned til Samana om vinteren for å parre seg, og få unge, og så sym dei nordover New England, Newfoundland, Grønland eller Island for å ete om sommaren. Dei har også blitt sett utanfor Noreg! |
Vi fekk beskjed om å halde utkik etter kvalar som bles luft og vatn ut av nasa. Vi kika og kika. |
Vi gjorde som vi fekk beskjed om. Det er omlag 2 kvalar pr kvadratkilometer i dette området, så vi måtte kike godt. |
Claudia og Trond heldt utkik. Eller... |
Og brått var der noko! Stor glede, og fram med kamera! |
Vi fekk sjå hopp!!! Svære dyr dette, kan bli opptil 15 meter, og dei veg 30-40 tonn! |
Dei er av dei mest aktive kvalartane, og det er hoene som underheldt oss. Hannane var for opptatt med å kurtisere damene. Denne var forfulgt av to mannkvalar som var ute etter henne. Ho showa og drusa flipperane i vatnet. Her sym ho på sida. |
Etterkvart rulla ho over på ryggen, og hadde begge flipperane i lufta. |
For så å smelle dei i vatnet. Etterkvart fekk den eine hannkvalen overtaket, og den andre stakk av. Vi såg fleire kvalar, men dette var dei kjekkaste! |
På veg tilbake stakk båten innom Cajo Levantado, ei utrulig fin øy rett utanfor Samana City. Her er det eit flott resort, Gran Bahia Principe Cajo Levantado som mellom anna Silje H anbefalar på det varmaste! |
Vi fekk utlevert ei brosjyre med infomasjon om kvalane, og JR fordjupa seg i den. På dette tidspunktet var eg så trøtt så trøtt, og måtte legge meg ned og sove litt. Trur det må vere sjøsjuketabletten eg tok. Alle som ikkje var norske, og hadde fiksa fri mandagen, måtte reise heim etter safarien. Resten tok taxi tilbake til Las Terrenas. På vegen stoppa vi for å handle inn litt til grilling på kvelden. Grillkol var ikkje å få tak i på butikken, men sjøføren visste råd. Han spurte ein mann unanfor eit hus, og brått kom han med to posar grillkol. Diverre var grillen oppteken denne kvelden, så vi fekk ikkje bruk for det likevel. |
Tilbake i leiligheta spela JR og Trond sjakk med turisthattar. Line fann ein gjenglømt ein på båten, og ho var så omtenksom at ho tok den med og gav den til meg. Eg lot Trond låne den. |
Lurer på om det kanskje er parringstid for firfisler også. Dei driv og viser fram ein pose under haka. Dette var ein kjapp kar. Eg hadde lita lukketid, men då kameraet laga knipselyd, stakk han av! |
Medan eg sov (eit par timar), gjekk Line og Lars på butikken og handla inn litt meir til kvelden. Vi steikte kyllinglår og hadde ris og guacamole og anna godt til. |
Meir sjakkspeling. Vi hadde også nokre runder med domino etter kvart. |
JR fekk låne hatten min. |
Mandagen gjekk eg og Line tur i Las Terrenas og kika på lokalt handverk. Mykje fint å sjå! Vi drakk kaffi på ein liten gatecafe, og hadde skikkelig ferie! (Dette er ein av restaurantane vi gjekk forbi på stranda og har eigentleg ingenting med teksta å gjere.) |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar