søndag 6. februar 2011

Jobb

Så er eg i gang med jobbing. Og eg jobbar omlag døgnet rundt. Mykje annarleis og nytt, og ca ein million nye ting å sette seg inn i. Eg har mange trivelige kollegaar, både lokale og andre land, då mest USA. Skulen rekrutterar frå universiteta i USA, for eit år om gongen, og dei aller fleste reiser heim etter det året. Prisen for ein elev i eit år her er omlag halvparten av mi årslønn, og dette skal vere av dei beste privatskulane i landet. Skulen er bilingual, og elevane har for eksempel matteundervisning på engelsk eit halvår, og spansk det andre halvåret. Eg underviser på engelsk, i  algebra 2 på 9.trinn, 10.tr biologi, samt 11.trinn økologi. Eg tuslar til jobb litt etter 7, 20 minutt gange i soloppgong og behagelig temperatur. Heimturen i 4-tida er stort sett mykje varmare. Eg stemplar både inn og ut.

Skulen sett frå den eine cafeen. Der er tilsaman 5 cafeear/restaurantar på skulen. Der kan ein få kjøpt mat, juice og kaffi, samt kjeks og snop. Eg kjøper som regel lunch på ein liten restaurant like ved skulen, der maten er billigare. 

Cafeen og basketbana sett frå den andre sida. Her oppe held den eine av to av mine overordna til. Dei skal godkjenne alle planane og prøvene eg lagar. Om eg vil ha noke printa, sender eg det til dei, og dei godkjenn og sender det til kopiering. Så kan eg gå og hente det neste dag, forhåpentligvis. Dersom eg vil legge noke for kopiering på biblioteket er det samme prosedyre, men då tek eg med utskrifta til bibliotekaren. Hanskrivne dokument er ikkje lov. Dei overordna kjem også på besøk i undervisninga, og gir meg tilbakemelding på det eg gjer. Om eg gjer alt eg skal, får eg ein bonus tilsvarane 1/6 av lønna mi kvar mnd.

Dette er delar av den nye hovuddbygninga. Eg underviser i 3.etg. Eg er så heldig at eg har eit fast klasserom, og elevane kjemt til meg. Klasseromet mitt er iskaldt, grunna svært aktiv air-condition. Dei siste dagane har air-conditionen vore delvis ute av drift, og vi har berre nytta viftene. Håper dei ikkje reparerar den. Eg har iallfall ikkje tenkt å seie frå! Eg har 23 undervisningstimar i veka, omlag 5 per dag. Elevane har 6,5 timar kvar dag. Vi startar 7.30 og jobbar til 3.30. Mellom timane er det 5 min pause, og ei lengre lunchpause på 40 min midt på dagen. 

Skulen har mange prosjekt, mellom anna dyrking av grøne vekstar på taket i 3.etg på gamlebygget. Dette er det stort sett 6. og 7.trinn som styrer med. No skal vi til å starte eit grønt prosjekt med fokus på resirkulering, noko eg ikkje ante fantest her i landet! Det blir spennande, spesielt sidan eg er delvis ansvarlig, så vidt eg forstår.

I 1. og 2.etg held småunga til. Dei er stort sett pittesmå, i miniatyr-uniformer, og der er så artig å sjå på dei når dei prøvar å gå på rekke og rad. Her er også mange plansjar som dei små og litt større lagar til. Ein finn elevar frå pre-kindergarden til ferdig high school her kringom. 

I den delen av uniforma eg brukar. Eg droppar vesten. ID-kortet er rundt halsen, saman med pinen med skulen sin logo. Buksa i polyester sit godt på, spesielt når det er varmt. Alle damer må ha kvit skjorte (ikkje bluse, svært viktig) og blå eller anna mørk bukse. Skona må vere svarte eller mørkebrune, og med svarte lestar i. Mennene kan visstnok gå i kva fargar dei vil, har eg forstått. 

Av og til ser eg på toppleiligheta i denne blokka, og tenker at der hadde det vore fint å bo. Det er uansett fint å ha blå himmel og sol omlag alle dagar, sjølv om ein ikkje bor slik. Eg har altfor lange dagar no, men håper det går seg til. Elvane her er stort sett høflige og trivelige, og svært opptekne av poeng. Det viser seg at dei kan oppnå 100 poeng i kvart fag. For eksempel i biologi og økologi er fordelinga slik; arbeid i klasse 20 poeng, lekse 10 poeng, prosjekt 40 poeng og testar 30 poeng. Og så er det berre å dele ut poeng og legge saman, og så får ein "karakteren". Desse karakterane skal delast ut 4 gonar i halvåret, og på slutten av året blir gjennomsnittet av alle årskarakterane rekna ut. Dei tel 70% og eksamen 30% av avslutningskaratkeren.

Det vart ein brå overgong frå fri til jobbing frå eg står opp til eg legg meg, og i helgene i tillegg. Heldigvis har eg vore innom det meste før, men algebra 2 er noko vi ikkje har for mykje av i Noreg (eg klagar aldeles ikkje på det!). Har no blitt ein kløppar på bokstavrekning, kvadratsetningar og multiplikasjon og divisjon av samamsette uttrykk. Snart skal vi gjennom sinus og cosinus og slikt, på 9.trinn. Full fres!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar