mandag 14. februar 2011

Februar? So no e vinteren snart over?

Etter eg byrja å jobbe har eg ikkje hatt tid til noko anna, omtrent. Men det har visst skjedd litt likevel. Vi har hatt mykje besøk i det siste, og meir skal det bli! Folk er så flinke til å kome på besøk! Her kjem uansett ei lita oppsummering av februar, så langt. 

Heilt i slutten av januar arrangerte Kierstin og Aiesec Canada night! Kierstin kokkelerte og fiksa, og laga til eit 3 retters kanadisk måltid. 

Massevis av folk!

Manuel med maple leaf candy

Så var tida inne for besøk av Ingrid, mor til JR, og Ivar. Dei bodde på resort i Puerta Plata, og tok seg ein helgetur sør til Santo Domingo.  Vi åt middag på La Dolcerie, og sidan det tok så lang tid å få bord, laga dei likså godt til eit provisorisk bord ute ved inngangen! Kan nemnast at maten her er nydelig god, men at dei alltid klarer å rote til bestllinga. Alltid. 

Etter middagen stakk vi til Zona Colonial, der ein kompis av oss held på å ta over ein bar i rommuseet. Vi fekk ei lita omvisning. 

Pavol på plass bak baren!

Ingrid og Ivar nyt kvelden!

Vi venter på taxi i parken like ved leiligheta vår. 

Middag i Zona Colonial. Søndagen reiste gjestane våre tilbake til Puerta Plata for nokre dagar til på resort, før dei vende heimover mot det kalde Bergen. 

Så er det andre helga i februar, og Lars og Line har kome, samt Knut, faren til JR. Her tok vi ei øl i ein park i Zona Colonial, der nokre små ungar mata duer. I byrjinga var det moro. 

Etterkvart blei duene svært nærgåande, og det var ikkje så moro lengre.

Lars, JR, og Knut.

Turistar

Og turistar et middag midt på turistplassen. Vi hadde store planar om å stikke på konsert om kvelden, men enda opp med trøtte tryner tidilig til køys. Greit med rolig opplading til karnevalet på søndagen, oppdatering kjem straks!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar