Siste delen av turen vår gjekk litt lenger nordover, til ein annan liten grenseby, La Descubierta. Denne byen er også like ved Haiti, og det var mage menneske i grøne uniformer, og dei reiste visst over til Haiti for å hjelpe til der. Det tok nokre timar i bil for å kome dit, men vi var svært klare for krokodiller, iguanar og flamingoar!
|
Cueva de las Caritas, ei hole like ved veien. |
|
Her har Taino-indianarar ripa inn andlet i steinen. |
|
Vi fann også ein note og diverse andre innripringar. Her skal visst vere mange grottemaleri i heile landet, frå tida før Columbus kom, og alle indianarane blei utrydda. |
|
Det var Sofie sin bursdag, og vi hadde litt press på oss for å finne ein ok plass å sove. Vi kom fram i skumringa, og spurte oss fram etter ok hotell. Det fyrste vi fekk anbefalt, Mi pequena Hotel, var fullt i grønkledde folk. Det andre vi fekk anbefalt var ikkje så stas, sidan det mangla doringar og lukta rart. Det tredje forsøket gjekk bedre, og vi blei vist fram til nokre sparsommelige rom med to dobbeltsenger i kvar. Der var doring og trykk i dusjen også, så dette var ein sikker vinnar! 500 pesos for eit rom var også heilt greit!
|
Eg skulle så gjerne hatt bilete frå kvelden før, då vi feira Sofie i den flotte lokale parken. Vi kjøpte flasker med rom og cola, sette oss blant dei lokale og kosa oss. Det blei spelt høg merengue-musikk frå eit lokalt disco. Det var ingen open restaurant i byen, så vi kjøpte burger laga på gata. Den var himla god!
Relativt tidlig i seng sidan vi måtte tidlig opp. Hanen, som ikkje klarte å gale skikkelig, bjønde tidlig tidlig. So tok den lisje hunden i band over. Den stod rett under vindua våre og pistra noke så sjukt! (Det var ikkje hunden på bildet, berre til info, men begge høyrte til i området) |
|
|
Fello, som dreiv ein colmado og "hotellet" var utrulig hyggelig! Då eg spurte om eg kunne ta bilete, sa han sjølvsagt, og måtte finne noke å halde i handa. Det blei ein pakke brød. Han kom med nydelig kaffi til oss om morgenen. Eg prøvde å kjøpe banan av han, men han ville ikkje ha betaling. Bilen vår fekk vi sette i garasja hans. |
|
Etter ein liten køyretur kom vi fram til Lago Enriquillo som skulle vere ein utrulig flott innsjø, med rikt fugle- og dyreliv. Vi skulle få sjå amerikanske krokodiller, flamingoar og iguanar. Og det heile kosta 3500 pesos, pluss 50 pr.pers i inngang til nasjonalparken. Vi syntes ditte var i stivaste laget for ein liten båttur, men det var visst fastsett av staten.
|
Saltvassinnsjøen er det lavaste punktet på øya, heile 40 meter under havoverflata. Det er også den største innsjøen i landet. Nylig steig vassnivået, og store delar av landskapet rundt blei lagt under vatn.
|
|
|
Trond og Sofie spente og optimistiske! |
|
Ein del av det rike fuglelivet. |
|
Det beste bilete eg har av krokodillene. Og eg hadde speilreflekskamera med 18-200mm -linse. Her byrja vi å ane at dette ikkje kom til å levere så sjukt sterkt. |
|
Så var det båttur over til ei stor øy midt i innsjøen. Her bodde det en trillion mygg! Heldigvis hadde Trond med myggspray. Vi måtte halde oss i konstant røyrsle for å unngå å bli oppetne. Inne i det grøne huset var det nokre plansjar med info (på spansk), men for å lese må ein stå nesten stille, så eg anar ikkje kva som sto på dei. Trur eg har nokre bilete av dei ein eller annan plass... |
|
Her var iallfall nok kaktus. Det skulle visst bo små skorpionar inne i nokre av kaktusane. Vi såg ikkje dei heller.... |
|
Vi såg derimot mange iguanar. Dei var flotte! |
|
Iguanar bor i holer i bakken. Dei såg vi også mange av. |
|
Denne kaktustypen borrar nålene inn i huda, og dei virkar som harpunar, altså svært vanskelige å få ut. Like greit å unngå dei. |
|
Vi fann ut at det var like greit å stikke frå øya relativt kjapt, grunna grusom mygg og at Sofie følte seg dårlig. Frode med mange fjell i bakgrunnen. Og kvar var flamingoane? Dei hadde flytta til ein annan del av innsjøen, og dit skulle ikkje vi. Høyrte eg svindel? |
|
Korall er over alt på denne øya! |
|
Vel tilbake på land etter avslutta tur fann vi også mange iguanar. (foto JR) |
|
JR kasta litt aloe vera til dei, og dei flokka seg rundt han. Det er visst mange turistar som matar dei, og derfor stimlar dei seg rundt folk. Dei likte ikkje aloe vera, men dei hang likevel rundt oss. |
|
Sidan iguanane på fastlandet blir mata ein del av turistar, får dei i seg feil næring og blir ikkje så store som ute på øya. Der et dei stort sett kaktus. Eg syns han her var stor nok. Likevel, denne delen av turen var ikkje verdt prisen! Rikt dyr- og fugleliv kanskje, men vi fekk ikkje sjå det! 6 timar i bil og 5000 pesos i bensin gjorde ikkje saka betre. Lago Enriquillo er herved uanbefalt! |
|
Å kjøpe mat langs vegkanten er derimot svært anbefalt! Eg kjøpte litt tostones, ein grilla småfisk, samt eit par kyllinglår. Kyllingen var den beste kyllingen eg har smakt! Prisen for saligheita var omlag 65 pesos, og dama her også var så hyggelig. Det var i grunnen gjennomgåande på heile turen, folk var så utrulig trivelige, og omtrent ingen prøvde seg på å svindle oss eller tigge pengar.
|
Matstasjonen var like ved ei lita kilde der ein kunne bade. Vi nøya oss med utsikta...
|
Etter dette måtte vi heimover til Santo Domingo. Mykje køyring, plutselig innom Barahona igjen, då vi sannsynglivis miste ein avkøyrsel. Vi nytta høvet til å kjøpe kaffi frå Melo kaffifabrikk. Eigaren var då på plass, og snakka perfekt engelsk! Kanskje blir det ny rundtur neste gong vi er i dei trefsa! No drikk vi kun melo-kaffi heime, og dei som rekk innom før han er borte skal få smake!
Denne delen av landet var også flott, men eg anbefalar absolutt å berre halde seg lenger sør, frå Barahona til Pedernales. Der er også ein innsjø der, Laguna de Oviedo, med skilpadder og flamingoar, og eg håper på tur dit neste gong.
Sofie og Frode har no reist mot Noreg og vinter igjen, Trond skal bo her i 3 mnd, og eg skal byrje i jobb. Om to dagar kjem Silje og Trygve! Full fres! |
Hei Mari :) Du er har så fin ein blogg Du legg ut fine bilete og skriv så bra! Her i Noreg har vi nytta dagen til skirenn (dei som var spreke gjekk, vi drakk kaffe og såg på). I kved har vi ete taco og drukke vin - skikkeleg kosekveld!! Gleder meg til å lese meir :)
SvarSlettKlem frå Inger Mette :)