Etter Barahona og Playa Azul la vi i veg mot Pedernales heilt på grensa til Haiti. Vi blei møtt av nok ei fantastisk utsikt! JR og Trond kosa seg. JR og bilen vår, ein Ford Explorer. Pedernales er omlag ved verdens ende. Nærmaste nabo er Haiti, og der er omlag ingen turistar. Folk frå Røde Kors og FN derimot fann ein fleire av. Vi bodde på eit lite og koselig hotell med utmerka mat. Eigaren var svært hyggelig og hjelpsom, og prisane velidg fine. Hotellet er no til salgs, som det meste i dette i området Då Trond skulle legge seg fann han plutselig eit dyr i senga. Sannsynligvis ein skolopender. Eigaren flytta oss umiddelbart over i naboromet, og like etterpå kom ei dame med kost og brett. Tydeligvis rosa som var yndlingsfargen. Eigaren kunne å lyssette. |
Raudekrossen var på plass. |
Sofie var ein glad laks. |
Karane laksa. |
Framifrå middag! Grilla dorado med tostones (friterte kokebananar). |
Frå La Cueva tok vi båt (1600 pesos) til Bahia de las Aguilas, som skal vere ei av dei flottaste strendene i landet. |
Stranda leverte! Nydelig strand midt i ein nasjonalpark, og ein bør ha båt for å kome seg dit. Nesten ingen folk, berre avslapping! |
<3 |
Vi kosa oss. |
Då eg fann ei stor sjøstjerne var gleda enorm! Det var steikande sol, så eg låg stort sett og snorkla i vatnet. |
Trond og JR hadde sandslottkonkurranse. JR vann med Graceland Castle. Trond tapte med Hard Rock Castle. Frode var dommar, og er ihuga Hard Rock Cafe og Elvis-fan. |
Skattar |
Vel tilbake i La Cueva hadde mora til kapteinen vår laga mat til oss. |
Svoltne ulvar. |
Grilla fisk, avokado- og tomatsalat, ris med bønnar, tostones og lambi (konkylie). Fantastisk godt! 200 pesos pr.pers. |
Redningsvestar, for fyrste gong her i landet. |
Nydeleg! Du, kor eg gler meg ...!!!!
SvarSlettFra Señorita i Norge...Yo quiero un chin! =), så heldige dåkke er!
SvarSlett