tirsdag 7. desember 2010

Prøveforelesing, carritokøyring og laboratorium

Eg våkna heller tidlig i dag, sidan det var den o'store prøve-forelesingsdagen. (Våkna sjølvsagt av vekkarklokka, for all del). Eg skulle ha ei forelesing om hormonsystemet for 10.trinn på skulen eg har eit jobbtilbud frå. Dress code var bukse, men ikkje jeans, skjorte/bluse, samt sko. Eg har berre ei bukse. Og berre converse-sko. Dei dugde ikkje. Fann ein mellomting i nokre liksom-sko med opa tå. (Fekk iallfall ingen kommentar på det.) 

Eg rekna med noken skulle observere, men eg ana ikkje kven. Eg møtte opp i god tid, etter ein kjapp taxi-tur. Så blei eg sitande å vente på at noken kunne finne ut kven som skulle vere med meg til klasseromet. 3 min igjen til timen, og vi var endeleg på vei opp i heisa. Og inn på rektor sitt kontor, der eg blei plassert i ein sofa. Bildet er av utsikta mi. Eit par minutt på overtid kom rektor, forklarte at ho som skulle ha ansvaret for meg var opptatt, og at det var ho sjølv som skulle observere. Eg var ein smule stressa på dette tidspunktet. Alt eg visste var temaet, og at det var 10.trinn. Eg visste ingenting om nivå eller kor lenge timen varte, og boka eg hadde fått utdelt heldt eit utrulig høgt nivå. Trudde ikkje elevane kunne ligge på det nivået, men kunne ikkje vere sikker. 

Elevene var svært trivelige og høflige. Henta og fiksa det eg trengte, og kunne ein del om temaet frå før, men ikkje for mykje. Det viste seg at dei egentlig ikkje hadde om dette no, at det berre var til ære for meg. Det kom inn to andre vokse også, i tillegg til ei som berre sat og tasta på PCen sin. Forsto ikkje heilt kva ho siste gjorde der. Uansett ein kjekk time, i eit rom med litt for aktiv aircondition. 

Klikk her  for å gå til heimesida til skulen, der dette bildet er henta frå. 

Etterpå snakka eg litt meir med dei som hadde ansvaret for tilsettinga, og dei ville ha med til å stikke innom ein klinikk for å sjekke at eg ikkje var sjuk. Lunch fyrst, tenkte eg, og stakk for å møte JR og Kierstin. Rusla ca 10 min, og pressa meg så inn i ein carrito. (Carritosystemet er eigentleg veldig greit. Det er gamle skranglete bilar som går fram og tilbake på dei mest traffikerte veiane. Dei er billige (20 pesos = 3,5 kr) og det er flust i dei. Det einaste er at det kan bli vel trangt når ein sit 4 i baksetet eller 2 i passasjersetet. Carritoen til lunch i dag mangla dørhandtak på utsida.) Vi åt/feira på Pizza Hut. 

Eg måtte ta to carritoen for å kome til klinikken. Etter ca 30 sek i den fyrste kom plutselig Marola, ei lokal venninne. Vi snakka litt om laust og fast. Då ho gjekk ut, lurte resten av folka i carritoen på korleis vi kjente kvarandre. Eg forklarte så gode eg kunne. Deretter fortsatte vi å snakka, og det var så trivelig! Carritosjåføren snakka veldig sakte, slik eg ikkje hadde problem med å forstå spansken. Det var nesten litt trist å forlate carritoen.

 I den andre carritoen kom det inn ein mann som halta mykje. Han byrja å snakke i det han kom inn, om korleis han hadde blitt skada, viste fram eit stort arr i haudebotnen, og så peika han mot himmelen og snakka om Gud. Svært god stemning i den fullstappa carriton på dette tidspunktet. Eg forsto relativt lite, men akkurat då følte eg meg merkelig avslappa, og tenkte at dette er eit sabla kjekt land. Alt det merkelige ein får oppleve.

Framme på klinikken ville dei ha hosteprøve, blodprøve og urinprøve. Sistnemnte var litt vanskelig med opa  dodør og ei dame som såg på meg. 

Etter godt og vel ein liter vatn gjekk det betre, og eg kunne endelig rusle heimover. 


Smart plaster. Så utrulig mykje kjekkare enn ein svær bommulsdott med massevis av tape på!

Framleis relativt høg på livet blir eg møtt av ein kar ved proten. Han går frå hus til hus og fyller ut skjema, på oppfordring frå staten. Han lurte på om vi hadde kjøleskap og vaskemaskin og ovn, kor mange rom i leiligheta, kvar vi bodde i 2005, og om vi mangla hender og slikt. Han snakka ok engelsk, og eg litt spansk, så det gjekk som ein leik! Fekk til og med eit klistremerke til å ha på døra vår!

Ang. jobben kan eg nemne at eg må ha uniform. Som i skuleuniform. Fin bukse og skjorte, samt ein vest. Oh yes, eg får/ må gå i vest. Gru på jord. Blei så satt ut at eg ikkje fekk med meg kva fargar det er. Eg må handle dette på ein spesiell butikk, og alle tilsette skal ha like. Merkar at det blir mykje å sette seg inn i. Har lese skulereglementet, og det er svært så interessant lesing med tanke på mellom anna kva som er læraren sitt ansvar i forholdt til kva som er foreldra sitt ansvar. Merkar at dette kan bli eit meget interessant halvår! Dersom prøvene frå laboratoriet er ok, blir det signering av kontrakt til veka.  

2 kommentarer:

  1. Jeg gleder meg veldig til å se bilder av deg i uniform:D

    Og dette carritosystemet høres perfekt ut for en sosial person som deg.

    (Også vil jeg bare si at bekreftelsesordet jeg måtte skrive for å legge inn denne kommentaren var "saurap". Hva er det?)

    SvarSlett
  2. hehe, håpe so inderlig at kleda site greit på. og at det blir fine farga, og ikkje beige bukse, som e så populært her. dukka nok opp eit blide ette kvart...offa.

    carrito e gollj. galskap og gollj. i dag fekk ej heile det overraskande behagelige framsete for mej sjøl. små glede...

    bekreftelsesorda sjøna ej mej aldri på... :-)

    SvarSlett