Smågatevandring mot utkanten av Zona Colonial.
|
Eg blei bitt av ein laushund på julafta. Kjekt for meg det. Skulle gi noke lite pengar til ein mann på gata. Han hadde tre sløve hundar rundt seg. Dei var ikkje sløve lenge, og brått var eg omring av hoppande, glefsande og bjeffande hundar, og ein beit godt i låret mitt. Mannen heiv seg rundt og beskytta meg mot hundane. Etter litt ringing til legar vi veit om, bar det rett på legevakta, og dei va supertivelige. Har stivkrampesprøte, men har no fått påfyll. Såg for meg ein kveld på legevakta, men det gjekk så kjapt at eg var ute etter 10 min! I morgon skal eg ta anti-rabies-sprøyte, sidan kontoret er stengt i jula fekk eg ikkje gjort det i går eller i dag.
|
Så var det julekvelden. Vi var invitert til Manuel, en lokal AIESECar. Vi tok med laks, potetsalat og agurksalat, og tusla over i 8-tida. Vi var superspente på ekte dominikansk jul, og blei møtt av ei fantatisk koselig familie! Her sit vi og slappar av i hagen før middagen. Dei har druer i "taket"! |
|
Gjengen samla, med unntak av fotografen. Mora til Manuel hadde laga til ris med mais og sopp, russisk salat, steik kylling, svinekjøt og kalkun, noke banangreier eg ikkje huska namnet på, samt herlige pastelitos. Sofie fekk med seg ein god del av dei heim!
|
|
Isabel og Manuel, syskenparet. |
|
Sofie og JR blei plassert ved sidan av kvarandre.
|
|
Eg fekk Frode som kavaler! Det herlige juletreet i bakgrunnen. |
|
Isabel og julekaka! |
|
Mammaen i familien poserar saman med meg! Eg var så glad for å ete julemiddag i nærheit av eit juletre, då vi ikkje har det i leiligheta. |
|
Heile den gjestmilde familien! Vi måtte ta kvelden relativt tidlig, rundt midnatt, sidan besøket vårt lid av jetlag. |
|
JR fekk fruktkorg med jobben. Marshmallows, epler, pærer og druer, forskjellig snop, ei flaske Whisky og Baileys. Det gjor ikkje heilt godt for at han måtte jobbe overtid på julafta, fordi dei plutselig har så mykje å gjere!
|
JR og eg i heimen år, like før gåveoppakking. |
|
|
Frukost 1.juledag. Endelig fekk JR ete med oss, sidan han hadde fri! Etterpå var det hengekøye, spasertur langs sjøpromenaden, og avslapping heime. Planen vidare er middag og kino. I morgon skal vi på stranda, etter eg har fått rabiessprøyta. Planane vidare er Bahia las Aguilas, Jarabacoa og kaffiplantasje, samt Samana. Så får vi sjå kva vi faktisk endar opp med, og kva Trond har mest lyst til!
|
|
|
hey mari!!! sounds like you are having a blast!!! apart from the damm DOGS! wow that must have been bloddy scary! but apart from that your christmas seems awesome and totally different :D
SvarSlettwishing you warm hugs and kram/klem from Malta!
cheers
P
damn dogs, yeah! it was pretty scary, not something I wanna do again. but such a wonderful and different christmas, to be rememberd for ever!
SvarSlettwarm klems back to malta!