onsdag 3. august 2011

Road trip til Barahona og Bahia de las Aguilas

I landet der påbudskilt er berre til oppfordring, ser ein mykje merkelig på vegane.  Det var slettes ikkje lett å finne leigebil, så treigt ute som vi var, men eg og Karianne fiksa til slutt biffen! Vi leigde 7-setar og køyrde til Barahona 3. helga i juli.


Vi tok inn på Casablanca, der eg har vore ein del gongar før. Her er Fanna svært klar for frukost! Ho er svensk, og har blitt rett så god i norsk på den tida vi har hatt saman!

Morgonen etter fylde vi 7-setaren med 8 personar, og køyrde i omlag 4 timar, til Las Cuevas. Derfrå tok vi båt til Bahia de las Aguilas. Det kom å regne på veg ut. Her ser de Matthew og Mihai på kvar si side av Helene. Dei to karane er dei nye internane i firmaet der JR har jobba. Helene er ei norsk venninne som jobbar med engelskundervisning. I bakgrunnen kan vi skimte Karianne, Fanna og Gloppen.

JR fanga ein strandkrabbe!!! Og det er vel det einaste biletet eg har frå den turen. Det regna størsteparten av tida vi var der ute, men det var varmt og fint i vatnet.

Leigebilen vår.

Ei frukt eg fekk av ein hyggelig ung mann då eg venta på nokre smørbrød i ei liten landsby langs vegen. Den var svært så god.

Vi prøvde å finne hotell i Paraiso, men dei vi booka hjå hadde dobbelbokka, sidan dei ikkje trudde vi kom, 2 timar etter vi ringte og reserverte. Vi fekk ikkje eingong bruke toalettet der. Vi fann tilslutt fram til Hotel Pariso, med billige rom og gratis svært god kaffi.


Skyene låg langt nede i fjella, og like etter det her biletet kom det å storregne. Det førte til at alle planane for den dagen blei skrinlagte. I staden køyrte vi mot Barahona.

Og kva anna enn 2 flate dekk var å finne på bilen?

Til saman har vi no hatt 3 puntkeringar i Barahona-området.

Ei god flenge på innsida av dekket. Og berre ein reperatør å få tak i. Han tok seg godt betalt.

Etterkvart kom dei med øl til JR. Eg, designert sjåfør, stod over.

Tilbake på Casablanca for siste natta. Dette var også bursdagen til Gloppen, og vi hadde bestilt god mat. Sidan kameraet vårt ikkje fungerte på dette tidspunktet, har eg berre blackberry-bileta, og dei er ikkje kvalitet i det heile, iallfall ikkje i mørkret. Derfor få bilete frå dette. Uansett, maten var nydelig!

Etter middagen heldt JR og Gloppen det gåande heile natta. Dei låg på solstolar og såg på stjernene. Kl 6 kom dei og henta meg og Karianne, slik vi kunne sjå soloppgongen ilag. Soloppgongen sør for Barahona er fantastisk. Deretter var det rett til køys.

Mandag stakk vi til ei strand like sør for Casablanca. Det skal finnast mykje Larimar der, ein stein som berre finst i DomRep. Det skulle vere spesielt gunstige leitehøve, grunna regnet dagen før. Vi fann massevis av lyseblå larimar! Etter omlag 5 min leiting kom eit par lokale jenter for å plukke opp steinen før oss. Men vi fann likevel rikeslig!

Vi stakk deretter vidare til San Rafael, ei fin steinstrand med store bølger. Ungane fekk leika seg litt.

Maten bestod av fisk og kreps/hummar, samt tostones (friterte kokebananar). Gloppen heldt seg til kylling, og Karianne til berre tostones.

Så var det tid for heimreise. Bilen måtte vere inne kl 9, og vi beregna tida godt. Det tek omlag 3 timar å køyre frå Barahona. Då vi kom til utleigaren, American Internationa, skulle dei ha betalt for ein ekstra dag. Eg hadde tydelig sagt ifrå kor lenge vi skulle ha den, og forstod ingenting. Vi måtte kome igjen dagen etter, sa dei. Og det gjorde vi. Dei ville ha 171 dollar meir enn det som var avtalen, sidan vi ikkje leverte inn kl 1 på dagen, men klokka 9 på kvelden. Etter mykje diskutering, ringing og forsøk på avklaring, slapp vi faktisk å betale. Vi hadde tross alt gjort avtale om å ha den til 9 om kvelden. Argh, leigebil.Men det ordna seg iallfall til slutt!

Etter Barahona var det utrygging av leiligheta, ausjon av tinga våre, og avreise til Punta Cana, der vi tilbrakte dei siste dagane i DomRep.
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar