lørdag 14. mai 2011

Barahona for 3.gong, framleis i mitt hjerte!

Vi skulle på bursdagstur, og eg fekk fritt valg! Det blei sjølvsagt Barahona. Eg såg for meg å site i hagestolane, drikke morgenkaffi, sjå på havet og berre vere avslappa, og eg gleda meg sånn! Turen blei ingen skuffelse! At det i tillegg var langhelg var slettes ikkje dumt...

Delvis-lokalos i guagua. Mannen bak oss hadde med to høner. Ei lita mil sør for Barahona var destinasjonen, Hotel Casablanca. 

Inga do-dør, noke JR alltid skal henge seg sånn opp i. God utsikt frå senga. 

Omlag 5 min gange frå hotellet er det også ok utsikt. 


Vi fortsette litt til, og kom til ei nydelig steinstrand. Vi snorkla litt, og så sovna eg. Vi var der til vi blei svoltne, og måtte rusla heimover sidan eg hadde glømt pengane, og vi derfor ikkje kunne kjøpe mat på stranda. 

Ein liten spasertur i mørkret

Susanna som driv Casablanca var sjuk, og kunne ikkje lage middag til oss. Vi rusla derfor opp til nabohotellet, Quemaito, og fekk oss frozen lemon og god middag. Vi hadde selskap av ein gjeng med mormonarar eller noko slikt.

Nesten morgon var Casablanca nydelig i morgensol.

Vi fekk som vanlig nydelig frukost, men også litt dårlige nyhende. Susanna var innlagt på sjukehus.
Det bodde også ein nydelig kvalp på hotellet, Rubia (blond). 

Rubia hadde sterke tenner, og var glad i å bite. 

Desse stolane er så fantatiske å site i, for å slappe heilt av, og kanskje lese litt, morgon som kveld. 

Ustikt til stranda der vi var fyrste dagen. 

Dag 2 gjekk vi ned til stranda rett ved hotellet. Der var mange skattar!

Der var også ein del holer i fjellveggen. 

JR leika holemann. 

Det var rimelig varmt der nede, og utrulig flott!

Eg fann ein hjertestein! 

Og eg fann mange andre skattar...

Det var himla varmt å leite etter skattar! Midt på dagen er relativt varmt her i landet. 

Samling.

Etter oppdagelsesturen gjekk vi tilbake til den fine steinstranda, men denne gongen litt lenger, til der alle andre var. Vi kjøpte fisk og kylling, med lokalt tilbehør, for ein billeg penge. 

Det blei hengekøye med god bok. Eg las "In the time of the butterflies", ei bok om mariposa-systrene som var med på å arbeide mot Trujllo, den fæle diktatoren som styrte DomRep frå 1930 til han blei drept i 1961. Boka er skriva av Julia Alvarez, og var verdt lesinga.  

JR tok seg ein spasertur, og oppdaga fleire like nydelige strender!

Grønt og fint og ingen folk. Deilig!


Skattekunst. 

Å site i hagestolane og berre kike på sommarfuglar, kolibriar og firfisler er ikkje gale. 

Nokre av skattane blei lagt igjen på hotellet. Neste gong vi kjem skal vi på jakt etter larimar, steinen som berre finst i DomRep! Dei skal visst vere mulig å kome over i ei elv ei lita mil sør for hotellet. 

Ei firfisle som såg nøye på JR.
Herlig utsikt!

Posering må til!

Det einaste negative med plassen, med unntak av at det ikkje er do-dører der, er vakthundane. Etter eg blei bitt av ein hund i jula er eg litt skeptisk til hundar som glefser og bjeffar etter meg. Desse hundane her er slik. Denne latar som om han er kjekk, berre fordi eg tek bilete. Men ellers passar dei god på, og ingen får gå inn i huset, eller der det ikkje passar hundane. 

Då vi skulle heim enda vi i en guagua, og ikkje i den flotte turistbussen som kostar omlag det same. Uansett ok utsikt. Her er typisk dominikansk ved-sidan-av-vegen-butikk. 

Mangosesong!!! Turen heim gjekk knirkefritt, og er så klar for ny tur mot vest! Berre tanken på området får skuldrane til å senke seg nokre hakk, og pulsen til å roe seg. 

Park- og strandliv, samt bursdagsmiddag

Endeleg har vi fått overført alle dei kjekke bilda våre, så no kjem ein del innlegg på rappen! Eg tek oppigjen påske-tråden. 

Dette er Maddi framfor leilighetskomplekset vårt. Vår leilighet er lengst vekke, i 1.etg. Ein må ha nøkkel for å kome seg ut, både av leiligheta og av porten. Vi har ikkje ekstranøklar, og Maddi følte seg litt innelåst. 

Vi tok turen til Zona Colonial, og syskena fekk leike seg litt. Her prøvar dei seg som Taino-indianarar (som forøvrig blei utsletta av spanjolane på tidleg 1500-tal.) 

Kunst i hoved-gågata. Dette er billig-billig kunst, men ein kan finne nokre kjekke motiv. 

Vi rusla til ein part, og poserte og kosa oss. 

Dette er langfredag, og vi smeisa liksågodt til med litt rom og cola på tidlig ettermiddag. 

Då kvelden kom trakk vi mot praken like ved huset vårt, for litt domino, som seg hør og bør. 

Maddi måtte lære seg spelet før heimreise, og JR var til stor hjelp. 

Manuel viste musklar, og er var tydelig imponert. 


Maddi, Gabriel og JR.

Marlon, den med mest domino-innsikt. Han og Maddi vann soleklart. Det er tydelig at domino ikkje berre er flaks!

Ein utrulig koselig kveld!

Dagen etterpå reiste vi på stranda med Gabriel og ein haug av venene hans. Vi stoppa og kjøpte ein parasoll og ein stol til JR på vegen. Solkrem blei også kjøpt inn. 

Solveig og Ellen hadde bursdag dagen etter, og litt planlegging måtte til. Helsing i sanden er vel ok?  Det står iallfall "Gratulere me dagen Ellen og Solveig".

Denne delen av stranda var full av kråkebollar, og det var ikkje bra for bading. Men sidan absolutt alle dominikanarane var på stranda denne dagen, gjor det oss ingenting å reise til ei litt mindre besøkt ei. JR fann seg iallfall godt til rette, med Wall Street-boka han har fått lånt. 

Søndag var det pool-party-dag. Vi bles opp poolen, og gjorde klart for ein deilig søndag. Det er svært farlig å vere på vegane i påska her, sidan det er så mange som køyrer i fylla. Det er av den grunn like greit å halde seg heime. 

Pool, strandstol og hengekøye. Gale. 

Domino!

Glad som ei lerke!

JR nytta høvet til å få spele litt sjakk med Marlon. Det blei 1-1. Etterpå kom Helene innom, og blei utover kvelden. Ho er også norsk, og steike trivelig. Maddi reiste dagen etter, på bursdagen sin. 

Tirsdag var min bursdag, og eg var så trøtt og gåen etter jobb. Enda med at eg og JR gjekk ut for å ete på Dulcerie. Herlig forrett, av eit eller anna slag. 

Laks og ruccola-salat med tomat og parmasan. 

Og deilig avsluttning, brownie med is og krem. Ah. Vi prøvde å ta bilete av JR også, men det fungerte ikkje bra.  Bursdagsmiddagen var aldeles nydelig!