lørdag 14. mai 2011

Park- og strandliv, samt bursdagsmiddag

Endeleg har vi fått overført alle dei kjekke bilda våre, så no kjem ein del innlegg på rappen! Eg tek oppigjen påske-tråden. 

Dette er Maddi framfor leilighetskomplekset vårt. Vår leilighet er lengst vekke, i 1.etg. Ein må ha nøkkel for å kome seg ut, både av leiligheta og av porten. Vi har ikkje ekstranøklar, og Maddi følte seg litt innelåst. 

Vi tok turen til Zona Colonial, og syskena fekk leike seg litt. Her prøvar dei seg som Taino-indianarar (som forøvrig blei utsletta av spanjolane på tidleg 1500-tal.) 

Kunst i hoved-gågata. Dette er billig-billig kunst, men ein kan finne nokre kjekke motiv. 

Vi rusla til ein part, og poserte og kosa oss. 

Dette er langfredag, og vi smeisa liksågodt til med litt rom og cola på tidlig ettermiddag. 

Då kvelden kom trakk vi mot praken like ved huset vårt, for litt domino, som seg hør og bør. 

Maddi måtte lære seg spelet før heimreise, og JR var til stor hjelp. 

Manuel viste musklar, og er var tydelig imponert. 


Maddi, Gabriel og JR.

Marlon, den med mest domino-innsikt. Han og Maddi vann soleklart. Det er tydelig at domino ikkje berre er flaks!

Ein utrulig koselig kveld!

Dagen etterpå reiste vi på stranda med Gabriel og ein haug av venene hans. Vi stoppa og kjøpte ein parasoll og ein stol til JR på vegen. Solkrem blei også kjøpt inn. 

Solveig og Ellen hadde bursdag dagen etter, og litt planlegging måtte til. Helsing i sanden er vel ok?  Det står iallfall "Gratulere me dagen Ellen og Solveig".

Denne delen av stranda var full av kråkebollar, og det var ikkje bra for bading. Men sidan absolutt alle dominikanarane var på stranda denne dagen, gjor det oss ingenting å reise til ei litt mindre besøkt ei. JR fann seg iallfall godt til rette, med Wall Street-boka han har fått lånt. 

Søndag var det pool-party-dag. Vi bles opp poolen, og gjorde klart for ein deilig søndag. Det er svært farlig å vere på vegane i påska her, sidan det er så mange som køyrer i fylla. Det er av den grunn like greit å halde seg heime. 

Pool, strandstol og hengekøye. Gale. 

Domino!

Glad som ei lerke!

JR nytta høvet til å få spele litt sjakk med Marlon. Det blei 1-1. Etterpå kom Helene innom, og blei utover kvelden. Ho er også norsk, og steike trivelig. Maddi reiste dagen etter, på bursdagen sin. 

Tirsdag var min bursdag, og eg var så trøtt og gåen etter jobb. Enda med at eg og JR gjekk ut for å ete på Dulcerie. Herlig forrett, av eit eller anna slag. 

Laks og ruccola-salat med tomat og parmasan. 

Og deilig avsluttning, brownie med is og krem. Ah. Vi prøvde å ta bilete av JR også, men det fungerte ikkje bra.  Bursdagsmiddagen var aldeles nydelig!

3 kommentarer:

  1. for et liv!!!!

    her i bergen regner det... ;)

    klem fra ingerid

    SvarSlett
  2. Herleg bilde av JR i hagen! Lurde litt på kva dokke skal med baderingar i poolen - men forstod etter kvart at dei kan gjere teneste som bordunderstell ;-)

    SvarSlett
  3. Baderingen e ogsaa go aa ligge paa, me haude paa pool-kanten, slik at heile kroppen fae sol samtidig so han blir avkjolt. :-)

    Einaste probleme e at d teke litt tid og krefte aa fylle bassenge...

    Ej kjome t aa slite naar ej kjome t Bergen igjen...haape ej fae kome paa besok t dej, Ingerid, og bli varme i hjerte iallfall!

    SvarSlett