Sidan begge kameraa våre blei stjelt under innbruddet, har vi no berre brukt mobiltelefon til å ta bilete. Det blir ikkje akkurat høg kvalitet, men det viser iallfall kva som skjer her borte...
14.februar fekk alle tilsette kjærleik på pinne med skulen. Ein tek det ein får...
|
8.mars, kvinnedagen, fekk vi kvinsa små kaker på jobb! Stas! Det skal jobben ha, dei er god på dette. |
|
Trond kom i romjula, og var her med oss i 3 mnd. Her et vi god mat på ein litt småfin mexicansk restaurant. Gjekk som det så ofte gjer... |
|
Dersom eg har fri i fyrsteperioda gjeng eg gjerne ned til gatehjørnet, der ei trivelig Haitisk dame sel frukt. Fruktsalat med mango, ananas og banan kostar 50 pesos, omlag nkr 8. Ikkje opris, men heller ikkje golljbillig. Men godt er det iallfall! |
|
Vi hadde eit resirkuleringsprosjekt med 11.trinn økologi, og ein av elevane mine laga denne flotte veska av flaskeetikettar! Eg er heilt imponert, og har samla etikettar til den store gullmedalje! Håper å få til noke liknande! |
|
Til venstre ser de Jenny. Ho er ein god kollega, og arrangerte bartefest her for ei stund sidan. Ho hadde den desidert beste barten. |
|
Flyshow i Santo Domingo. Imponerande. |
|
Her blir ein småbåt gassa. Stor stemning på land! |
|
Ein utrulig flott søndagsettermiddag. |
|
Det er alltid stas når det skjer noko, og dominikanarane stiller lett opp! Det er fleire enn nordmenn som lagar folkefest! |
|
Ei helg rett før Trond reiste attende til Noreg kom vi oss endelig til la Damajagua, eller heller kjent som 27 Charcos (27 fossane). Reiseboka vår var ikkje korrekt, og det var eit godt stykke å gå frå Texacoen i Imbert, og brått stoppar ein mann i bil, lurer på om vi skal til fossane, seier han jobbar der men har fri i dag, stuer alle 6 i bilen, og køyrer oss dit. |
|
Delar av oss etter vel gjennomført fossefall! Der var nokre som sette pulsen fint i gong, iallfall. Men eg gjennomførte alle! Flott tur! Har lyst å gjere det heile igjen, med eit vanntett kamera! |
|
På vei heim kom det å styrtregne. |
|
Det regna så fælt at bussen vår ikkje kunne køyre oss til den planlagte busstasjonen, og sette oss av på ein heilt annan. Men vi kom oss vel heim. Desse karane var så herlige, der dei køyrte forbi bussen vår. |
|
Hooters! Kan iallfall ikkje vere maten her som dreg folk hit. Trond, Claudia og Kate nyt selskapet. Brått kom alle damene og stilte seg opp, dansa ein tydelig innlært dans, på ein svært lite entusiastisk måte. Trur ho eine smilte litt ein gong. Men dei har iallfall korte shortsar. |
|
Shakira!!!!! Då ho kom på scena hadde vi venta i mangfoldige timar, og var så leie at vi stakk heim etter kort tid. Det hjalp ikkje at skjermane ikkje fungerte skikkelig og at der var så fullt i folk! Men ho var flott! |
|
Shakira har iallfall blitt reklamert for. |
|
På jobb har dei ein tradisjon med bursdagskaker ein gong i måneden, dvs dei hadde det før jul. No i slutten av mars fekk vi vår fyste bursdagskake. Vi feira alle som hadde hatt bursdag hittil. Kaka skal symbolisere eit vegskille, blei det sagt. Ho var ikkje så verst i smaken, overraskande nok. |
|
Channing hadde nesten bursdag denne dagen, og fekk ballongar med elevane. Det er visst tradisjon at elevar går rundt med ein haug med ballongar og et kake heile dagen. Channing fekk gjere det same. Ho var skikkelig bursdagsglad. |
|
HMS er mangelvare. Dette er i eit av dei største kryssa i byen, og stigen står ut i veien. Det er to karar der opp, og berre ein stige. Dette er eit vanleg syn. |
|
Eit ikkje fullt så vanleg syn var han body buildaren her. Interessant kar. Trena (?) på stranda. Er ikkje ofte ein ser folk i speedo her. JR var sur for han hadde planlagt samme treningsopplegget, og kunne ikkje gjennomføre det rett etter han her.
|
|
Nydelig fisk med tostones (most fritert kokebanan), eit av dei store plussa med å stikke til stranda her. |
|
Ein vanleg carrito, ein av dei små bilane som går i bane i byen, og fungerar som ein mellomting mellom taxi og buss. Denne her var ikkje i flott stand. Det er det få som er. |
|
Kva skal ein vel med speil? |
|
Og så tryna eg og trakka over. Juhu! |
|
Var sengeliggane av andre grunnar i eit par dagar før eg kom meg til legen. |
|
Dei fokuserte mest på foten, som det slettes ikkje var mykje gale med. Sendte meg til røntgen og ville gipse foten i 3 veker. Eg tok berre med røntgenbildet og heldt lav profil. No, ei veke etter overtrakket, har eg ingen problem med å gå på foten. Men den rullestolturen var flott! |
|
Det blei ein lang dag med legebesøk, og sjøfør- og god venn, Arturo, tok meg med til ein sushi-lunch midt i det heile. Det hjalp mykje. |
|
JR og eg innom ei lokal sjappe for å få oss noke mat før pokernight. Vi spelar saman med nokre trivelige folk, og denne kvelden gjorde JR reint bord! Det er ikkje snakk om mykje pengar, men det er alltid moro å vinne! Inne i denne sjappa var det ein eldre mann som gjorde kung fu-triks. Det såg ikkje ut som om han hadde studert det eller noko, men han gjorde det like fullt. Og dansa rundt. Nokre små ungar som surra rundt her sette stor pris på det. |
|
Etter ny tur til legen blei eg sjukemeldt ei veke til, og svimmel som eg er prøver eg å ta det med ro. Å ligge stille i hengekøya er alltid bra (bevegelse er ikkje bra). Her med ein steingod sjokoladecrossant frå Sweet Bakery. Det ein ikkje kan sjå på dette bildet, men som skjedde like etter, er at Watchimannen vår (han som "passar på" huset og oss på kvardagar frå 9 til 4-5) sat inne i skuret han har bygd i hagen, men buksa og trusa på anklane. Eg kika på noke maur som kosa seg med restane av crossanten på bakken, snudde blikket litt, og såg ei stor kvit truse under 10 meter i klar bane frå meg. Gru på jord. Eg la meg kjapt tilbake i hengekøya. Tok eit bildet av det heile (har dog ingen planar om å publisere det, berre ha det som eit merkelig minne), og lata som ingenting. Og det samme skjedde i dag. Han i skuret, men buksa og kvitetrusa rundt anklane. Satsar på at han brukar gjødselen på fruktrea i hagen. |
|
Gladnyhende! Mangoen er tilbake i butikkane! Eg slit litt med å få god pris på gata, truleg grunna bleik hud og blå auger , men inne på butikkane er det fast pris! Dei eine av dei eg kjøpte i dag var iallfall sabla god! |
|
Min fyrste kaffidate på leeenge, iallfall med nokon annan en JR! Eg trassa svimmelheit og rusla opp til ein cafe rett oppi gata. Claudia og Kate, to kjekke kollegaar, kom for å drikke kaffi med meg. Det var så trivelig! Eg kjøpte ein kaffi med sjokolade og mint. Den var ikkje så fin då laga blei blanda, men den var god! Eg skal dit i morgon også, med Claudia igjen, og Jenny. Noko av det eg saknar frå Noreg er å drikke kaffi med gode vener, sjå på folk, og prate om laus og fast. Dette hjelp iallfall litt på!
Sjølv om det har vore mykje styr med innbrudd og sjukdom og greier i det siste har vi det framleis flott. Returbillettar er ikkje kjøpt, for eg klarer ikkje å forhalde meg til det enno. Eg skal nyte dei 3,5 siste månadane, og er så klar for å reise meir rundt! Landet er sabla flott, vi har hatt så mykje kjekt besøk, fleire kjekke besøk gjenstår, mangoen er på plass igjen, vi kjenner mange flotte folk og alt i alt har vi det veldig bra! Marianne, systra til Jr, kjem om berre eit godt døgn, og skal vere her med oss i påska! Så kjem Gloppen og Karianne i juli. Vi gler oss til å vise fram landet og henge med alle! Og vi har frameis gjesteseng om nokon skulle vere interessert!
Og så berre nemner eg at Punta Cana-stranda på vestkysten her blei nettopp kåra til verdas 8.beste strand, i fylge tripadvisor.no. Eg er ikkje heilt samd i det, for eg synest her er flottare og kjekkare strender i landet, men den er heilt grei. Så veit de det. |